Presseskriv

 

Sidan Tubesnakes' andre CD 'Texas Minded' (Sonor) vart sleppt, har oppturane stått i kø for desse fire blues-rockarane frå Stord i Sunnhordland. Plata som delvis vart produsert i Austin, Texas har fått svært gode kritikkar både hjå bluesfolket og andre musikkelskarar verda over. I tillegg har spelejobbane vore mange dei siste åra med meir bluesfestivalar og større arrangement. Bandet har farta land og strand med sin hardtslåande Texas-inspirerte bluesrock med Britiske undertonar. Skaren av entusiastiske Tubesnakes-fans vert berre større og større.

Power-kvartetten Tubesnakes består av: Lars Vad(git/vok), Per Hauan(Hammond/piano)
Johnny Stensletten(bass) og Per Inge Stensletten(trommer/perk).

I februar 2004 reiste bandet igjen til USA for vere med på ei bluesplate som vert produsert av plateselskapet "Wild Oats Records" i Nashville, Tennessee. Dette er ein samle-produksjon der tre amerikanske band òg er med. I same farten vart det ein tur attende til Austin, Texas der det vart gjort eit par konsertar etter mange oppfordringar frå vener og fans i bluesbyen.

Gutane har tidlegare delt scene og/eller samarbeida med namn som: Omar & The Howlers, Alan Haynes, John McVey, Deborah Coleman, Peter Green, Gary Moore, Slade, Jeff Healey Band, Bluebirds, Vidar Busk samt fleire andre norske og utanlandske artistar...

Meir info:. "Blues News" nr. 26/02 inneheld ein fyldig reportasje om Tubesnakes.

Bladet Sunnhordland: 'Du all verda for intenst spel - Stord trioen har rutine'

Haugesunds Avis: 'Jøss, her er mer enn nok å bite tennene i for fans av rå, gitarbasert bluesrock!'

Stavanger Aftenblad: 'Et kjærkommet avbrekk - enormt bra'

Dagbladet: 'Potent bluesrock fra Stord og Ølen, via Austin, Texas ...Lars Vad, en dugandes gitarist og vokalist ...gruppa viser gode takter...'

Nrk P1: 'Utrolig samspilt... svinger som bare det! Tett, tøffe riff...

Musikkguiden Groove: 'Partyblues... et sikkert stikk for bluesfestivaler og klubber som vil ha høy stemning, dans og fullt kjør på ølkranene en fredagskveld... Merk deg Tubesnakes'.

Geir Hovig: '...vestlandets beste bluesband!'

ROCK Magazine: '...det leveres dundrende bluesrock ... Texas bluesen som er Tubesnakes spesialområde...'
 

Booking Tlf.: 90 95 49 63 (J.Stensletten)

booking@tubesnakes.com

http://www.tubesnakes.com